Catten opna igjen - med ny sprit og ny bar
Quiz, nattklubb og sportsbar er i gang igjen etter koronakrisa.
Fredag kveld opna bartender Magnus Sund dørene på Catten.
– Vi hadde ope i går òg. Då var det quiz og pubkveld, med ope til klokka 01. Det var mange på quiz og ein del som kom seinare, for ei sosial stund i puben.
I alt var det over 80 personar innom første opningsdag etter at dei stengte dørene 12. mars.
– I kveld og laurdag er det nattklubb med ope til klokka 03, fortel, Magnus.
Éinmetersregelen og skjerpa reinhald gjeld framleis, og innandørs er det gjort fleire tiltak.
Éinvegskøyring til bardisken
Det første som møter deg når du kjem opp trappa er gratis sprit, til handvask. Resten kan kjøpast i baren.
Piler i golvet fortel kva veg du skal gå, for du har lov å spasera på Catten, men berre til baren eller toalettet. Elles skal du halda deg i din eigen bås.
Sitjegruppene er skilte av med pleksiglas, for å sleppa å stenga av annakvar sitjegruppe. I alt er det 105 sitjeplassar. Dansing må folk venta nokre veker med.
Alle dei tre avdelingane er opne. I sportsbaren er pianoet fjerna og ny bar bygd for å auka kapasiteten under dei mest spennande fotballkampane.
Håper fleire går ut om fredagen
– Det er ikkje tema å gi seg, sa innehavar Bjarte Andersen då smitteverntiltaka mot koronaviruset blei sette inn i midten av mars.
Catten Nightclub har halde stengt sidan torsdag 12. mars. Tre månadar seinare er han i gang igjen.
– Vi hadde bra med gjestar på torsdagsquiz, og ein del som kom seinare for å få seg ein pubkveld. Det var kjekt å møta gjestane igjen, seier Bjarte.
Med redusert kapasitet og mange som kan vera svoltne på å vera sosiale, fryktar han å måtta avvisa mykje folk om laurdagskveldane.
– Normalt er det langt fleire folk om laurdagen enn om fredagen. Om det skal halda fram kan vi måtta avvisa 100-200 gjestar om laurdagane. Eg håper redusert kapasitet endrar dette mønsteret, at fleire av gjestane legg opp til ein tur ut på fredagane.
– Ein sommar fylt med fotball
Sportsbaren er open, men skjermane er foreløpig svarte.
– Abonnementa våre blir aktive igjen frå måndag 15. juni, 16. juni startar Eliteserien og 17. juni er Premier League i gang igjen.
Brann speler borte mot Haugesund 17. juni. Same dag speler blant andre Manchester City heime mot Arsenal.
Fredag er det Tottenham-Manchester United, søndag står Everton-Liverpool for tur.
– No blir det norsk og engelsk fotball gjennom heile sommaren, så vi ventar høg aktivitet i sportsbaren.
Andersen er òg innehavar av Baronessen, som normalt husar ein del livemusikk, og som i koronatida husa Midtsiden sin direktesendte konsertkveld.
– Baronessen har godt med sitjeplassar, men er ein meir kompakt pub. Vi held denne stengt foreløpig, men det treng ikkje bli så lenge til den opnar igjen.