– Ikkje tema å gi seg
Catten vil klara seg gjennom koronakrisa.
Torsdag for ei veke sidan kom skjerpa smitteverntiltak i samband med koronaviruset, og Catten Nightclub måtte stenga døra før torsdagsquizen starta.
I dag leverer Liens Kafé og Musikkbar oppbod. Eventyret varte knapt eit år for Kristine Lygren Lien, som overtok i juni i fjor.
– For det første vil eg seia at eg synest det er veldig trist at Kristine må gi seg. Vi har hatt god naboskap, og eg håper verkeleg at denne dyktige og hyggelege dama startar opp igjen med noko når denne perioden er over, seier Bjarte Andersen.
Andersen er innehavar av Catten Nightclub og Baronessen. Sjølv seier han at det ikkje er aktuelt å gi seg.
– Vi har 18-20 tilsette, med meg som einaste på heiltid. Alle er permitterte.
Meir robust enn før
Andersen har orientert huseigarar og leverandørar.
– Det er ikkje så mange. Canal Digital viste forståing, så eg fekk fryst abonnementa i sportsbaren. Og så held vi dialog med dei andre.
– Hadde dette vore for nokre år sidan, så kunne det ha velta begge utestadane. No skal vi klara oss. Det har gått fint den siste tida, på fleire område, også med utviding til ope sju dagar i veka.
– No håper vi at ikkje dette varer så lenge, og at vi kjem tilbake til tilnærma normal drift når dei strengaste tiltaka er over. I mellomtida håper eg at dei som sit i trygge jobbar handlar hos dei bransjane som har lov å ha ope. Mange gode arbeidsplassar står i fare om alle held seg heilt i ro.