Budde i bufellesskap i Bergen
To tilsette frå Bergen kommune var med i Osbadet då ein mann i 20-åra søndag blei funnen på botnen av bassenget. Tilstanden til mannen er framleis alvorleg.
Søndag klokka 12.45 kom melding om drukning i Osbadet.
Les òg: Funnen livlaus i bassenget
Ein mann i 20-åra blei funnen på botnen av 25-metersbassenget, men blei raskt tatt på land. Badevertane skal ha hatt selskap av legar som var gjestar i Osbadet, og dei fekk liv i mannen før ambulansen kom til staden.
Den unge mannen blei frakta til Haukeland universitetssjukehus, der han framleis ligg alvorleg skadd.
No skriv bt.no at mannen kjem frå eit bufellesskap i Bergen og at to tilsette i Bergen kommune var med mannen i Osbadet denne dagen.
Både Bergen kommune og lensmannskontoret på Os etterforskar ulykka.
Til no skal det ikkje vera noko som tyder på at det har vore brot i rutinar, verken hos dei tilsette i Bergen kommune eller i Osbadet.