Bøthun på 2. plass i Uvdal
I fjor debuterte han i triathlon, i går hamna Gunnar Bøthun på pallen for første gong.
Gunnar Bøthun har bra med fartstid på ski, og trivst med løping og sykling.
– Men eg er ikkje noko rask på svømming, seier Gunnar, som likevel kom på 2. plass i Nore og Uvdal Triathlon laurdag.
Han debuterte med triathlon i fjor og var i midten av august rett bak vinnaren i Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon, om du trekk frå tida han brukte på å reparera øydelagt kjede på sykkelen.
Opp alpinbakken
Uvdal Triathlon går i olympisk distanse gjennom Numedal, 1500 meter svømming i Øvrefjorden, 40 km sykling og 10 km løping.
– Eg låg cirka på 20. plass etter svømminga, men klatra til 6. plass på sykkelen.
Dei første 6 av 10 km med løping er ganske flate, men så kjem bakkespurt opp slalåmbakken i Uvdal alpinanlegg.
– Eg trivst best når det er bratt og gjekk frå 4. til 2. plass i motbakken.
– Beste til no
Gunnar seier førsteplassen ikkje var noko å gjera med.
– Han er noregsmeister og vann med eit kvarter.
Men 2.plass av rundt 60 deltakarar synest Gunnar smaker godt.
– Uvdal er kortare enn Aurlandsfjellet, men det var veldig gøy. 2. plass er mi beste plassering til no.