Samferdsle | 24. apr. 2022
Borgavegen blir stengt i ein månad
Arbeidet startar førstkomande onsdag.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 24. apr. 2022 09:13
Delar av den kommunale vegen Borgavegen blir stengt for trafikk frå onsdag 27. april til fredag 27. mai.
Vegen blir open for fotgjengarar. Dei som bur i området kan køyra til eigedomane, og blir informert direkte av entreprenør.
Køyremønster og retning blir også illustrert med skilt.
Årsaka til at vegen blir stengt er graving i samband med utbetring av straumnettet.
Det er Grunn & Betong AS som utfører arbeidet for BKK Nett.
Det pågår som kjent framleis arbeid på det som for fleire brukarar av Borgavegen blir omkøyringsveg; Hegglandsdalsvegen frå Hauge til Vallabrua.
Dette arbeidet skal vera ferdig i sommar (frist i anbodet er 24. juli).