Borgavegen stenger
For å ferdigstille Borgavegen stenger kommunen vegen for biltrafikk. Gåande kan framleis bruke vegen.
Frå onsdag morgon stenger kommunen Borgavegen for å ferdigstille den.
– Borgavegen vert stengt for biltrafikk frå i morgon tidleg: Onsdag 30. mars kl. 08:00.
– Vi må arbeide nokre dagar med oppretting og forsterkning av eksisterande veg, før arbeid med fingrusing og asfaltering i slutten av neste veke, skriv prosjektingeniør Siril Langhelle i ei pressemelding.
Kan ta to veker
Før vegen kan opnast for biltrafikk skal den sikrast med betongrekkverk mot Oselvo.
– Kor lang tid arbeidet vil ta, er avhengig av kor mykje nedbør vi får, men vi håpar å vere ferdige på to veker.
– Gåande kan bruke Borgavegen som vanleg, heiter det i pressemeldinga.