Blir ridder av 1. klasse
Den utflytta osingen Gregory Smith blir av H.M. Kong Harald utnevnt til ridder av 1. klasse for sitt sosiale engasjement for gatebarna i Brasil.
Gregory John Smith selde alt han eigde i 1992 og flytta til Brasil for å hjelpe gatebarna i São Paulo gjennom det som blei organisasjonen CARF (Children at Risk Foundation). I dag tel organisasjonen 32 tilsette, 10 frilanserar og meir enn 1000 barn direkte involvert.
Gjennom Kolibri-reda nyttar han kunst og kultur som reidskap og modellen utviklar nye sosiale entreprenørskap, noko som gjer at prosjektet vekkjer oppsikt langt utover kva størrelsen skulle tilseie.
For sitt arbeid har H.M Kong Harald V utnemnd Gregory Smith til ridder av 1. klasse av den Kongelige Norske Fortjenesteorden.
Den Kongelege Norske Fortenesteorden blei innstifta av kong Olav V i 1985 og blir tildelt utanlandske statsborgarar og norske borgarar fast busett i utlandet som belønning for særleg fortenstfullt virke for norske interesser.
Lokal støtte
CARF og Gregory Smith har heilt sidan starten opplevd stor støtte lokalt i Os. Då gjerne spesielt frå Os barneskule som kvart år arrangerar ein eigen "Gregory Smith-kveld" kor alle inntektene går til organisasjonen. Seinast i vår samla dei inn nær 57 000 kroner til CARF.
Barneskulen er av CARF utnevnt til ei kolibri-skule og fekk våren 2012 reisa over til Brasil med to elevar og to lærare for å ta arbeidet til Smith nærare i augesyn.
Les òg: Tatt i mot som kongelege
Ordenen vil bli delt ut til Gregory Smith under eit høgtidleg arrangement i Greigsamlinga på Oseana torsdag 21. november.