Lokal | 30. mai 2012

Blir interkommunal vaktsentral

Om politikarane vil, utvidar Os legevakttelefonen til òg å omfatta Austevoll og Fusa frå 1. oktober.

Blir interkommunal vaktsentral
Nils-Petter Borge (ståande) orienterte tenesteutvalet om samarbeidsavtalen med Austevoll og Fusa for legevakttelefonen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 30. mai 2012 16:30

Os kommune har allereie ei felles legevaktteneste med Samnanger som omfattar både vakttelefon og legar. No ligg det føre ein avtale om at også Austevoll og Fusa skal kjøpa seg inn i den delen av tenesta som omfattar vakttelefonen.

- Dei to kommunane vil framleis ha sine eigne legevaktlegar, men vi vil ta over den døgnbemanna vakttelefonen og bemanna denne opp, fortalde kommunalsjef Nils-Petter Borge i tenesteutvalet onsdag.

- I mindre kommunar blir ofte ein slik vakttelefon ein bi-ting som ligg saman med ei anna teneste. Slik hadde vi det tidlegare også i Os, men dei seinaste åra har vi bemanna opp slik at det no er ein eigen teneste med godt kvalifiserte sjukepleiarar som handterer innkomande anrop.

Ikkje legevaktlegane

Samarbeidet mellom Samnanger og Os omfattar også legane som rykker ut til dei to kommunane om det er naudsynt.

- Kan vi i Os risikera å måtte venta på legen fordi han er opptatt på Austevoll? undra Turid Oltedal Lunde (H).

- Nei, våre legar skal framleis dekka Os og Samnanger. Austevoll og Fusa har sine eigne legar som rykker ut. Vi skal kun svara telefonen, forklarte kommunalsjefen.

Meir robust teneste

I budsjetthandsaminga i haust var eit samarbeid innan legevakttenester eit av momenta som blei trekt fram som ein av postane det var mogleg å henta penger frå.

- Den prisen ein har forhandla seg fram til med dei to kommunane, er det sjølvkost eller hentar vi ut noko midlar her? spurte Helge Olav Nygard (KrF).

- Legevakten var eitt av underskotsforetaka i 2011. Med dei midlane som dei to kommunane skyt inn vil tenesta koma i balanse, sjølv om vi bemannar ho opp på dei vaktene vi erfaringsmessig veit det blir trøkk.

- Vi er veldig nøgde med at vi har fått med oss Austevoll og Fusa. Dette gjer at vi kan få ei enno meir robust teneste, forklarte Borge.

- Så det dei betalar for er den ledige kapasiteten?

- Formålet er ikkje å drive butikk, men å gjera legevakta endå meir robust og gje eit fagleg godt tilbod.

- Dei kunne fått ein billegare telefonløysing andre stadar, men både Austevoll og Fusa ser den faglege gevinsten med å gå inn i samarbeidet.

- Dei som skal jobba i tenesta skal få gjera seg godt kjende i dei to kommunane slik at dei veit kor legesentre og andre fasilitetar ligg, forsikra Borge.

Mellombels lokale nesten på plass

Som Midtsiden skreiv om i pinsen står legevakttenesta utan lokale frå hausten medan dei venter på at den nye brannstasjonen på Moberg skal stå ferdig 12.12.

- Vi klarte ikkje å koma i hamn i forhandlingane med Røde Kors Eigedom.

- Difor har vi vore i dialog med eit legekontor kor vi leiger fasilitetane deira på kveld, natt og i helgene fram til i desember.

- Vi har ikkje signert avtalen enno, men eg rekar med at vi gjer det i neste veke. Der vil du som pasient få alle dei fasilitetane du forventar av ei lokal legevakt, forsikra kommunalsjef for Helse- og Sosial Nils-Petter Borge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.