Lokal | 26. mai 2012

Står utan lokale til hausten

Legevakta i Os skal flytta inn i den nye brannstasjonen på Moberg på nyåret 2013. Utfordringa er at dei må ut av Røde Kors-huset i september.

Står utan lokale til hausten
Legevakta i dag og til neste år. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 26. mai 2012 19:08

Forhandlingane mellom Røde Kors Eiendom og Os kommune førte ikkje til eit tilbod kommunen ville akseptera, dermed er det førebels usikkert kvar legevakta skal halda hus i haust.

– Vi må ut av Røde Kors-huset i Kolskogen i september. Dessverre kom det ikkje ei løysing der vi kunne bli verande til det er klart lokale til oss i den nye brannstasjonen på Moberg, seier lege Sveinung Gangstø.

Gangstø er fagleg ansvarleg for legevakttilbodet i Os. No må han finna midlertidig lokale til vakta.

– Det er mogleg at legekontoret vårt i Os Næringspark blir beste alternativ i denne perioden, men det er førebels ikkje bestemt noko.

Doblar på Moberg

Gangstø og fleire av dei tilsette ved legevakta var onsdag på kranselag i den nye brannstasjonen.

Les òg: – Eit beredskapshus

– Vi ser fram til å koma på plass i nytt lokale.

– Kva blir største forskjell?

– Det blir cirka dobbelt så stort, og vi treng meir plass. Der vi held til i dag er det sånn at ein som for eksempel har fått sprøyte, og skal sitja til observasjon i 20 minutt, må ut på venterommet. No får vi blant anna større venterom og eige observasjonsrom, samtidig som vi får lokale saman med brannvesenet, som kan ha fleire fordelar, seier Gangstø.

Ambulansetenesta blir førebels verande i Røde Kors-huset.

Den nye stasjonen skal etter planen vera ferdig 12.12.2012, men legevakta reknar ikkje med å vera på plass før på nyåret 2013.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.