Samferdsle | 06. aug. 2024
Blir delvis stengt i fire veker
Arbeidet som pregar trafikken på Ole Bulls veg held fram frå neste veke.
Elin Johnsentysdag 06. aug. 2024 10:09
I juni vart Ole Bulls veg over Søvikåsen delvis stengt grunna sprenging på prosjektet Åsen - Helleskaret.
No går arbeidet snart i gang igjen.
Ole Bulls veg vert difor igjen stengt frå klokka 10 til 16 måndag til torsdag i veke 33 til 36.
Drangsvegen og Søvikvegen vert stengt i korte periodar i vekedagane måndag til torsdag ved Helleskaret.
Ole Bulls veg skal, som kjent, blir permanent stengt for biltrafikk når Åsen-Helleskaret er ferdig, altså frå sommaren 2025. Den blir då open berre for syklande og gåande.