Meining | 31. juli 2024

Bjørnafjorden er attraktiv

JA-haldninga er på plass igjen i Bjørnafjorden.

Bjørnafjorden er attraktiv
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnesonsdag 31. juli 2024 10:55

I løpet av fyrste halvår 2024 har kommunestyret vedtatt heile 6 nye reguleringsplanar med totalt cirka 510 bustader.

Dette står i skarp kontrast til det siste året av førre valperiode. I 2023 vedtok ikkje kommunestyret ein einaste reguleringsplan.

Kva ligg bak ei slik utvikling? Noko av årsaka ligg sjølvsagt i at planane først no var klar for politisk slutthandsaming, og at administrasjonen og utbyggjarane m.a. har venta på den nye arealplanen for Bjørnafjorden Vest.

Men den viktigaste årsaka er nok at det politisk fleirtalet FrP/H i denne valperioden har ei tydeleg JA-halding i arealsaker, og eit klårt mål om rask og effektiv sakshandsaming.

Dette kjem tydeleg fram når ein ser på handsaminga i kommunestyret.

To av planane var samrøystes vedteken. I dei fire resterande planane fremja opposisjonen, med AP, SP, SV, MDG, V og KrF i spissen, enten endringsframlegg eller framlegg om å senda saka attende til administrasjonen. Det tek tid, og krev sjølvsagt ressursar både i administrasjonen og hos utbyggjarane.

BA har i ein serie artiklar dei siste vekene satt søkelyset på bustad- og næringsutvikling i Bergensregjonen. Her kjem det fram at Bergen slit med den lavast folkeveksten av Norges ti største kommunar, og at dei ligg langt bak vekstraten i omegnskommunane.

Bjørnafjorden kommune ligg i andre enden av skalaen med den høgaste folkeveksten i Bergensregionen. Utbyggjarane peikar på to hovudutfordringar i Bergen; - kostbare og langdryge vedtaksprosessar, samt høge kostnader med rekkjefølgjekrav. 

Frå FrP/H si side er vi tydeleg på at vi skal ha ei forsvarleg og god sakshandsaming, men vi skal ikkje nytta meir tid enn naudsynt.

Når planane er tilstrekkeleg utgreidde, har vore på høyring og flest mogeleg motsegner er løyst, er vårt utgangspunkt å seia ja basert på den faglege tilrådinga frå administrasjonen. Og om det framleis står att nokre motsegner frå Statsforvaltar, fylkeskommunen eller andre får vi heller ta det til mekling.

FrP/H har og vore klår på at ordførar og varaordførar skal ta rolla som ombod for næringslivet. Det tyder mellom anna at vi går i dialog med eigedomsutviklarane i ein tidleg fase dersom det er ynskje om det.

Nokon vil sikkert spørje kvifor det er så viktig med denne JA-haldinga og fokus på vekst- og utvikling?

Svaret ligg i kommuneøkonomien. Vi gjekk inn i denne valperioden med store økonomiske utfordringar, og vår viktigaste lovnad i valkampen var å få orden på kommuneøkonomien.Då må vi jobba med både utgifts- og inntektssida i kommunen.

Hovudmerksemda vert ofte retta mot utgiftsida med fokus på kostnadskutt og endringar i tenesteproduksjonen. Her er vi godt i gong, m.a gjennom Prosjekt Omstilling25 og budsjettvedtaka for 2024.

Like viktig er det å auka inntektene til kommunen gjennom å driva fram og setja retning for utviklingsprosjekt i samarbeid med private investorar. Næringsetableringar og bustadbygging gjev folkevekst, som i neste omgang generer både auka skatteinntekter og rammetilskot frå staten til Bjørnafjorden. 

Fyrste halvår 2024 syner at vi er på rett veg. No ser vi fram til hausten der m.a. sentrumsplanen for Osøyro og områdeplanen for Strandvik skal vedtakast.

I tillegg skal vi starta opp arbeidet med ny arealplan for heile Bjørnafjorden. Eit viktig fokus der vert å leggja til rette for auka bustadbygging også aust i kommunen.

Ordførar Terje Søviknes (FrP)

Varaordførar Marie E.L Bruarøy (H)

 

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.