Politi | 10. aug. 2024

Bilførar meldte seg - vil ha kontakt med vitne

Politiet ber kvinne ta kontakt etter kollisjon mellom pickup og to unge syklistar i Storestraumen.

Bilførar meldte seg - vil ha kontakt med vitne
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 10. aug. 2024 18:27

Torsdag i 13-tida fekk politiet melding om samanstøyt mellom to gutar på sykkel og ein bil.

Uhellet skjedde i Storestraumen nær bustablokka «Soltaket».

– Begge gutane var lettare skadd, det gjekk heldigvis bra denne gong. Det er ei uoversikteleg utkøyrsle, sa politioverbetjent Atle Birkeland fredag.

Han ba samtidig bilførar om å melda seg, noko han gjorde.

– Det framstår som eit «hendig uhell» sa Birkeland fredag ettermiddag.

Då ba han eit vitne om å melda seg, ei kvinne som skal ha sett samanstøyten.

Midtsiden har òg viore i kontakt med bilførar, ein mann i 20-åra, som ønskjer at kvinna kontaktar politiet.

– Eg hadde ein kort prat med ho etter uhellet. Eg bremsa opp for å sjå om det kom nokon, og syklistane klarte ikkje å stoppa før dei krasja i bilen, fortel han.

Vitnet blir skildra som ei kvinne med kort hår, kanskje blå jakke og med ei mørk veske eller bag.

– Kvinna veit sjølv kven ho er. Eg håper ho les dette og kontaktar politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.