Politi | 09. aug. 2024

Ber bilførar ta kontakt etter uhell på Søfteland

To gutar hadde samanstøt med bil i Storestraumen torsdag.

Ber bilførar ta kontakt etter uhell på Søfteland
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. aug. 2024 09:25

Torsdag i 13-tida fekk politiet melding om samanstøyt mellom to gutar på sykkel og ein bil.

Uhellet skal ha skjedd i Storestraumen nær bustablokka «Soltaket».

– Begge gutane var lettare skadd, det gjekk heldigvis bra denne gong. Det er ei uoversikteleg utkøyrsle, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Politiet ber vedkomande som køyrde bilen å ta kontakt.

– Vi ønskjer å få betre oversikt over kva som skjedde. Det er mogleg vedkomande køyrde ein grå pickup.

Politiet fortel òg litt meir om arbeidsuhellet i Øyane i går.

Saka frå torsdag er oppdatert:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.