Lokal | 01. juli 2013

Bilbrann og avskilting

Ingen blei skadd då ein bil byrja å brenna i Industrivegen søndag. Politiet har også vore i dialog med bilføraren som kjørte utfor laurdag kveld.

Bilbrann og avskilting
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 01. juli 2013 10:45

Søndag i 14-tida byrja det å brenna i ein bil som kom kjørande i Industrivegen.

– Bilførar sløkte sjølv og ingen blei skadd, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

I løpet av søndagen har politiet i Os avskilta fleire bilar.

– Dette er bilar med begjæring om avskilting som patruljen har kome over.

Dialog med BMW-førar

Laurdag kveld rykte politiet ut på melding om høg fart og utforkjøring på Søre Neset.

Førar hadde fått bilen på vegen igjen og stukke frå staden før patruljen kom fram.

Politiet fann bilen, som nokon hadde tatt skilta av.

– Vi har vore i dialog med bilførar, men har førebels ikkje bestemt korleis vi følgjer opp saka vidare, seier Sperrevik.

Førar skal ha innrømt å ha kjørt litt fort, men visste ikkje akkurat kor fort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.