Fjerna skilta og stakk av
Laurdag rykte politiet ut etter ei melding om ein bil som hadde kjørt av vegen i stor fart.
- Vi fekk melding klokka 21.10 om ein BMW som hadde kjørt i stor fart i Ferstadvegen, og så hamna utfor vegen, fortel politibetjent Sindre Hallem.
Stakk av
Fire personer skal ha vore i bilen, som dei klarte å få på vegen igjen før politiet kom fram på staden.
Då politiet fann BMW-en igjen i Vågadalen var den framleis varm, skilta var fjerna og det var ingen personar å sjå.
- Politiet har tatt grep for å finna personane som var i bilen, seier Hallem.
Då mopedulykka i sentrum skjedde rett etter at politiet i Os hadde rykka ut på jakt etter BMW-en, var det ei patrulje frå Fana som tok seg av ulykka.
Skadeverk på marknadsdagane
Laurdag morgon fekk politiet melding om at det var gjort skadeverk og tjuveri i Os sentrum.
- Det var stole mindre mengder frå ein bod som var på plass for marknadsdagane, i tillegg til skadeverk på ein bil og eit telt.
Skyss meldte i frå om mange bilar som hadde feilparkert på plassen mellom Statoil og Bunadsverkstaden laurdag. Politiet kom på staden og fekk kontakta eigarane som alle kom og flytta bilane sine.
- Det er innkøyring forbode der bilane sto og dei kunne risikert eit forenkla førelegg på 4200 kroner. Men vi valde ei mild løysing, fortel Hallem.
Uro på Bar2Be
To meldingar fekk politiet frå Bar2Be natt til søndag.
Klokka tre rykte dei ut etter melding om to personar som sto utanfor utestaden og deala narkotika.
- Vi fekk tak i dei to og han eine av dei hadde narkotika på seg.
Han blei tatt med av politiet og dimittert etter avhøyr.
Tjue minutt etter første melding fekk politiet ny melding frå Bar2Be, denne gong om amper stemning ved utestaden.
- Det var to personar som lagde kvalme og dei blei vist vekk.
Full mann i vegen
I halv seks-tida søndag morgon fekk politiet ein telefon frå ei kvinne som hadde møtt ein full mann som låg i ein sving rett før brua frå Lepsøy til Sundøy.
Mannen hadde gjeve uttrykk for at han synest det var så langt å gå heim.
- Då politiet kom på staden var mannen vekk, han hadde nok kome seg heim likevel, avsluttar Hallem.