Beste norske og ny pers
Sverre Lunde Pedersen sette ny personleg rekord i Inzell i helga. Han slo også Bøkko på både 5000- og 1500-meteren. – No blir det toppfarttrening, seier pappa Jarle om siste finpuss før VM på Hamar.
Under verscupen i skøyter i Inzell i helga var Sverre Lunde Pedersen (20) best på begge herredistansane.
Laurdag gjekk han inn på 6.17,78, som er ny personleg rekord og som var godt nok til 5. plass.
Før jul persa Sverre fire gongar på to månadar, også på 5000 meter, med tida 6.19,16 (i Kolomna).
Sven Kramer vann på 6.11,76, Bob de Jong og Jorrit Bergsma kom på dei neste plassane. Håvard Bøkko (26) kom på 9. plass med tida 6.24,13.
Beste norske også på 1500-meteren
Søndag var det tid for 1500 meter og Sverre var beste norske også på denne distansen.
Sverre gjekk eit godt løp og kom i mål å 1.46,46, berre 39 hundredelar bak vinnar Denis Yuskov, 1,02 bak eigen pers.
Bøkko gjekk i mål på 1.46,93 og hamna på 11. plass.
Finpuss på VM-formen
Pappa og landslagstrenar Jarle Pedersen seier til Midtsiden at Sverre er nøgd med helga og ligg godt an til helgas VM i allround på Hamar.
– No skal vi heim til Os ein tur før vi reiser til Hamar for å førebu oss til helga.
– Det blir ikkje mykje trening denne veka, men det blir intenst. Sverre har trent godt, men skal no pressa rundetidene endå meir ned, så det blir toppfarttrening dei neste dagane, vaslar Jarle.