Lokal | 21. mars 2013

Bergen - Os på 11 minutt?

VIDEO: LMG Marin trur ikkje berre at dei kan bygga verdas lengste flytebru, dei vil få plass til tog som går frå Bergen til Stavanger på 60 minutt.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mars 2013 21:35

Fylkesutvalet gjorde i dag vedtak om å gå for midtre trasé for ny E39 mellom Stord og Bergen.

Les òg: Fleirtal for fjordkryssing

Ingeniørane hos LMG Marin har dei siste månadane teikna fleire skisser av ei potensiell bru over Bjørnafjorden.

– Vi legg oss ikkje opp i det politiske, med ser på tekniske løysingar.

– Det som vi spesielt har jobba med i det siste er hurtigtog Bergen–Os–Leirvik–Haugesund-Stavanger, tilsvarande Flytoget, med kryssing av Bjørnafjorden, seier Geir L. Kjersem hos LMG Marin.

– Ei flytebru, eller havbru, som vi kallar det, fan førebuast for eit framtidig, lett hurtigtog, seier han.

Under ser du video over korleis dei ser for seg togturen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.