Berga piren på Hatvik
Anleggs- og industridykk AS frå Stord har tysdag berga på land piren som rauk då Hatvikferja køyrde i kaia i førre veke.
Det har vore hektisk aktivitet på ferjekaia på Hatvik tysdag. Innimellom ferjeavgangene til Venjaneset har dykkarar frå Anleggs- og industridykk AS vore i vatnet for å få på land att piren som sakk då MF Fosen køyrde inn i den i førre veke.
– Litt utfordrande har det vore i og med at ferjetrafikken skulle gå nokonlunde normalt, men samstundes har det vore ein grei jobb. Vi har satt tryggleiken i høgsete og kome i mål, fortel Johan Eriksen, dagleg leiar og eigar av Anleggs- og industridykk AS.
Måtte dela den opp
Då MS Fosen køyrde inn i kaia sakk den ytste piren til botn. Det er denne dykkarane no har henta opp att.
– Vi var nede der i går for å filma, dokumentera og planlegga korleis vi skulle angripa jobben. Det var litt forskjellig som måtte rettast opp.
– I dag har vi vore nede igjen og brent den av slik at vi har kunne løfta den opp i mindre delar. Vi har hatt ei mobilkran på ferja Osterøy som har tatt sjølve løftet, forklarar Eriksen.
Anleggs- og industridykk AS har jobba på oppdrag av BMO entreprenørar som har vedlikehaldet av ferjekaiene.
– Veien vidare no må du nesten høyre med vegvesenet om, men eg reknar med at når betongstabbane som står att oppe er sikra, så blir resten av jobben med å få på plass ny pir og liknande lagt ut på anbod.