Lokal | 08. jan. 2016

Ferjeuhell på Hatvik

Ferja mellom Hatvik og Venjaneset køyrde på ein pir på Hatvik.

Ferjeuhell på Hatvik
Politiet rykte ut på meldinga om uhellet med Hatvikferja (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 08. jan. 2016 11:47

Bildeserie:

Hatvikferja køyrde i ein pir ved ferjeleiet (foto: KVB)
Hatvikferja køyrde i ein pir ved ferjeleiet (foto: KVB)
Ei lysmast står på skakke (foto: KVB)
Ei lysmast står på skakke (foto: KVB)
Politiet gjekk ombord (foto: KVB)
Politiet gjekk ombord (foto: KVB)
Før dei sleppte bilane på og gjekk til Venjaneset (foto: KVB)
Før dei sleppte bilane på og gjekk til Venjaneset (foto: KVB)
1 av 4

Politiet rykte klokka 11.28 fredag formiddag ut til Hatvik etter melding om at ferja hadde kollidert med kaia.

«Hatvik. Politiet på veg etter melding om at ferge har hatt ett uhell på fergekaien. Skal ikke være personskade» skriv operasjonsentralen på Twitter.

Klokka 11.45 meldte politet at ferja er tilbake i drift.

«Hatvik. Fergen har truffet en pir under innseiling til kaien. Er tilbake i drift».

Ferja såg ut til å vera tom då den kom til kai på Hatvik, men tok etter kort tid bilane om bord og reiste, med politiet, mot Venjaneset.

Oppdatert: Midtsiden har fått kommentarar om at ferja ikkje var tom då uhellet skjedde. Dette må ha vore før Midtsiden og politiet kom til staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.