Næringsliv | 13. des. 2013

Bensinkrig?

13,09 for bensin og 12,09 for diesel. Nyopning av bensinstasjon gir billig drivstoff til osingane.

Bensinkrig?
Nyopning pressar prisane på drivstoff (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 13. des. 2013 09:18

Denne veka opna UnoX oppatt i Tøsdalsskiftet etter å ha rusta opp stasjonen til å bli Noregs største med åtte pumper. For å feire opninga lokkar dei med billeg drivstoff torsdag og fredag noko som gav lange køar torsdag.

Til å ta unna køane stilte kjeda mannsterke opp for å hjelpa kundane og gje dei litt ekstra i form av pastiller og gratis vindaugspylevæske.

Hang seg på

Kampanja kjem osingane til gode, for dei andre stasjonane i bygda vil ikkje vera dårlegare.

I morgontimane fredag er prisen nede i 13,09 for bensin og 12,09 for diesel på stasjonane i sentrum.

Så då gjenstår det berre å sjå kor lenge prisane held seg så låge.

Normalpris i Bergen torsdag var rundt 15,20 for 95 blyfri og 14,40 for diesel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.