Ny stasjon - ny kiosk
Uno X ved Lyssand Bil, Noregs største Uno X, opna i dag med utvida pumpesystem og ny, fransk meny i ombygd kiosk.
– Vi vil bli betre på varme lunsjrettar, så eg har laga nokre nye suppeoppskrifter til det nye kjøkkenet vårt, seier Eric Playez.
Eric, som er franskmann og utdanna kokk, har vore butikksjef for Lyssand Bil sin kiosk i over eitt år.
– Heile kjøkkenet er nytt, alt utstyret og heile disken. Med to tønner med suppe er vi betre rusta til å servera folk i farten.
Utvida flaggskip
Søndag for to veker sidan var siste opningsdag for pumpene og kiosken ved rundkjøringa der E39 og Byvegen skil lag.
Mekonomen-verkstaden og SuperDekk-avdelinga var ikkje berørt, men sørsida av stasjonen blei gravd opp og bygd om.
– For Uno X sin del er alt skifta bortsett frå tankane. Nye rør og nye pumper, fortel Torgeir Lyssand.
Stasjonen er ifølgje Lyssand Noregs travlaste Uno X, og no har flaggskipet auka talet på pumper.
– Nye stasjonar får som oftast 4 pumper. Vi hadde 6 pumper og har no 8, med både bensin og diesel på alle pumpene.
– Stasjonen er 18 år gamal no. Det var kjekt å få utvida og bygd opp i kjeden sin nye profil, seier Lyssand.