Begge kapteinane har bestemt seg
Både kaptein Torkel Hjertnes og eks-kaptein Stian Lunde var usikre for 2016-sesongen.
Kaptein Torkel Hjertnes gjekk i tenkeboksen etter fjorårssesongen og var ikkje på trening før godt ut på nyåret.
Stian Lunde, som la opp etter 15 sesongar for Os sitt A-lag, blei henta tilbake som nødhjelp etter den svake vårsesongen og i ei meir offensiv rolle enn tidlegare putta han 8 mål på 13 kampar.
No har begge bestemt seg for å vera med vidare.
– Eg kasta meg i trening igjen og fekk motivasjonen tilbake. Det blir trent veldig godt på Kuventræ for tida, unggutane har utvikla seg veldig og eg kjenner at det hadde blitt tungt å stå på sidelinja om Os no får den gode sesongen eg trur vi får, seier Torkel.
Lunde vil avslutta karriera med opprykk
Endå enklare blei det for Hjertnes å ta avgjerda då lagkamerat gjennom mange år, Stian Lunde, valte å lata comebacket bli meir enn den eine sterke hausten.
– No har eg trent dei to vekene eg gav meg sjølv for å testa korleis kvardagen fungerer. I går gav eg beskjed om at eg er med vidare og vi er einige om ein noko tilpassa treningsplan, seier trebarnsfaren.
– Det var veldig kjekt å vera med i haust, og å spela spiss igjen. Eg har ein draum om å avslutta der eg starta, i 2. divisjon.
Lunde var 18 år då han i 2000-sesongen debuterte for Os sitt A-lag.