Torkel i tenkeboksen
Kaptein Hjertnes er ikkje sikker på om han held fram for Os. Det er heller ikkje bestemt om eks-kaptein Lunde gjer comeback etter suksess-visitten i haust.
Os ser etter få forsterkingar etter den sterke hausten, der dei med eitt tap var det klart beste laget i avdelinga.
Dei fleste frå haustsesongen er med vidare, men kaptein Torkel Hjertnes har ikkje vore på trening etter oppstart måndag og er usikker på om han går for ein ny sesong.
– Det krev mykje tid å spela på eit satsingslag i 3. divisjon og eg er usikker på om eg er klar for å halda fram med fotball på dette nivået, seier Torkel.
– Eg har følgt eigentreningsopplegget vi fekk frå Hassan, og trudde eg skulle bestemma meg i jula, men manglar framleis gneisten eg treng for å gå på nok ein sesong.
Få tap med Hjertnes på banen
Hjertnes fekk med seg to serierundar og NM mot Brann før han var ute med skade til juni.
Os vann berre 2 av 9 kampar mens kapteinen var ute.
Så kom han tilbake og var med på å slå serievinnar Stord og heile resten av den gode haustsesongen.
– Torkel er ein skikkeleg leiartype, han styrer forsvaret godt og er ein dyktig og erfaren spelar. Eg håper han finn lysta tilbake og at vi snart har han i trening igjen, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.
Mange er klare
Om kapteinen er usikker er El Fakiri glad for at dei fleste frå 2015 er med vidare.
Os har tre keeperar (Todd, Øvredal og Færøvik), Brenne, Krossøy, Hevrøy, Haga, Valle, brørne Kvittingen, Villén, Mikkelsen, Kanestrøm og Halver klare. I tillegg er Hassan spelande trenar. Ungdomar som Takle Eide, Ljosheim, Havsgård og Lunde (Torgeir) er óg i trening med A-laget.
– Vi ser etter nokre få forsterkingar, spelarar med visse kvalitetar, men har førebels ikkje noko på veg inn dørene.
Av utlendingane er Rafael Villén klar, han kjem frå Spania i dag.
Thiago Ribeiro kjem i slutten av januar, men der er det førebels noko uavklart etter kneskaden han fekk i haust. Også den amerikanske forsvarsspelaren Devante Dubose, som trente med Os knappe to månadar i sommar, kjem tilbake for å trena på Kuventræ.
– Devante hadde ikkje visum og har vore tilbake for å fullføra utdanninga si. Det står igjen noko papirarbeid om han skal bli Os-spelar, men vi gler oss til å ha han i trening igjen, seier assistent Ørjan Håland.
Er det håp om å halda på Lunde?
Mens Torkel trur at det at det er få frå hans eigen årgang igjen på laget er medverkande til at han er i tvil, seier Stian Lunde at det førebels ikkje er comeback-planar.
Lunde gav seg etter 2014-sesongen, men trebarnsfaren blei henta inn som angrepsspelar i sommar, etter Os sin svake vårsesong og Christer Olsen sin overgang til Lysekloster.
Stian tok oppgåva på alvor og takka nei til både øl og sjokolade denne hausten.
– Kosthald er viktig, eg bestemte meg blant anna for ikkje å eta snop før Os hadde berga plassen, ler eks-kapteinen, som skåra 8 mål på 13 kampar i haust.
Om vi får sjå fleire Lunde-skåringar i år er uvisst.
– Det var positivt at Os hamna i Hordaland-avdelinga, men eg har i utgangspunktet ikkje tid til så mykje trening og kamp, seier Stian Lunde.
Kona er tilbake i jobb etter førre permisjon, så no får vi først kjenna litt på korleis kvardagane fungerer før eg eventuelt prøver å finna rom for fotball. Det er ikkje umogleg at eg blir med i år, men førebels må eg venta med å svara.