Politi | 23. juni 2021

Både bilførar og mopedførar var utan lappen

Mopedisten hadde passasjer. Ingen av dei hadde hjelm.

Både bilførar og mopedførar var utan lappen
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. juni 2021 09:47

Politiet stoppa to køyretøy i Os tysdag.

I 18.30-tida var det UP som stoppa ein bil på Lepsøyvegen.

– Bilførar, som er i 20-åra, har ikkje gyldig førarkort. Vedkomande er meldt, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

I 19-tida blei ein moped stoppa i Os sentrum.

– Det var to ungdomar på mopeden. Begge var utan hjelm, og mopedførar har ikkje førarkort.

Det blei forelegg for ulovleg passasjer og gebyr for å køyra utan hjelm.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.