Avsluttar med flagget til topps
Det er siste innspurt for Havnechefen restaurant i Buggegården. – Vi er fullbooka til siste slutt, seier Reidun Vasby.
Laurdag er siste dagen Reidun Vasby og Frank Vasby Bruarøy har ope i Brugata.
– Det har vore veldig travelt i det siste, og mange gjestar. No køyrer vi på med tapaskveldar desse siste kveldane, fortel dagleg leiar Reidun.
Les òg: Havnechefen tar pause
– Vi er fullbooka i kveld og overbooka i morgon. Då må vi starta med selskapsserveringa klokka fire om ettermiddagen for å få plass til alle som ønskjer å eta hos oss, ler ho.
Blomar og godord
Mor og son kan fortelja at kundane har vore lei seg over at Havnechefen no skal stengja dørene.
– Vi prøvar å beroliga alle med at det blir berre for ein periode, så opnar vi igjen. Ein annan stad, men med same konsept. Vi skal gjere vårt beste for at det skal bli minst like koseleg der vi kjem. No skal vi verkeleg stå på, og skapa noko nytt og enda betre, seier Frank.
– Det er kjekt å høyra at vi har betydd noko for gjestene våre. Eg er heilt imponert over alle dei positive tilbakemeldingane vi har fått både på maten, stemninga, miljøet og trivselen her.
– Det har blitt mange klemmar, og fleire blomebuketter dei siste dagane, og det er veldig kjekt at vi ikkje har vore her aleine desse siste dagane.
– I dette yrket så gjev ein mykje av seg sjølv, og ein får tilbake det ein gjev. Vi er blitt godt kjend med mange av kundane, og dei er blitt ein del av dagleglivet vårt, seier Reidun.
Havnechef i Osroso?
Dei to stikk ikkje under ein stol at dei tumlar med fleire idear for å kunne opna Havnechefen igjen så snart som mogleg.
– Vi har eigentleg veldig lyst til å driva på Torget. Osroso er ein spennade moglegheit, som vi gjerne vil vera del av.
– Når vi får avslutta her får vi gjerne litt betre tid, og kan gå i grundigare dialog med kommunen. Vi har hatt god dialog så langt, men ingenting er setla. Om vi får driva restaurant og kafé i Osroso, vil vi vidareføra konseptet herifrå med god, kortreist heimelaga mat.
Tumlar med idear
– Det skal no bli godt med ein liten pause også. Eller forresten så mykje pause blir det vel ikkje. Det er mykje planlegging framover, og dessutan har eg teke på meg noko catering til konfirmasjonar og bryllup og slikt, seier Fank.
– Det aller viktigaste no er gjerne å få avklart kvar vi skal gjenopna. Det har vore ein voldsom læreprosess dei siste to åra, men med å vera kreativ, så held ein hjernen i sving. Og det er veldig kjekt og gjevande å skapa noko. Så vi har nok eit voldsomt behov for å fortsetja med det, avsluttar Reidun.
Engeline gjenoppstår
Borghild Strønen, som var med å starta opp Kafé Engeline i si tid, og mannen Oddvar Onstad har kjøpt opp Buggegården, og held no på å renovera andre etasje.
– Vi vil halda fram på eigarsida med kafédrifta på Engeline, men vi har fått fatt i folk med større kompetanse på drift og kokkelering. Tysdag byrjar vi å byggja om og ordna det som skal på plass før vi opnar igjen. Det vert nok stengt nokre veker, men opninga vert seinast 4. april, seier Onstad.