Avslutta sterk vårsesong med poengdeling
Tar likevel ferie på 2. plass i det som er beste vår på 14 år.
Os spelte i går 14. runde, den siste før ferien, borte mot Ullern 2.
Kampen enda 0-0, Os sin tredje uavgjorte for sesongen.
- Tropp og kampfakta på fotball.no
– Ullern 2 stilte sterkt, og det blei ein jamn kamp på ein vanskeleg bane, synest Os-trenar Endre Brenne.
Os stilte utan Szymon Walczak og Niklas Lunde Fosen, men hadde ein god mannskap og skapte, ifølgje Brenne, flest sjansar.
Likevel må dei nøya seg med eitt poeng.
Eitt poeng er nok til å sikra at dei startar hausten på 2. plass, og at dei har hatt sin beste vårsesong på 14 år (sidan opprykk til 2. divisjon i 2009).
Frigg på 3. plass er 4 poeng bak. Dei skulle spelt mot Fana i helga, men Fana har mykje sjukdom i troppen, noko som skulle visa seg å vera over ti spelarar ute med korona, og kampen er utsett.
Sandviken på 4. plass gav også frå seg poeng i går, dei spelte 0-0 borte mot Gjelleråsen og er 8 poeng bak Os.
Os sin første kamp etter ferien går heime mot nettopp Gjelleråsen laurdag 12. august.
- Tabell og terminliste på fotball.no
Serieleiar Lysekloster har sjanse til å auka luka frå 6 til 9 poeng ned til Os når dei tar imot Skjetten i dag.