Kultur | 18. mai 2024

Aust om elvo markerte seg både til lands og til vanns

To 17-åringar sto for sin egen kortesje 17. mai.

Aust om elvo markerte seg både til lands og til vanns
Nei, dette er ikkje politikk eller protest, men to unge traktorførarar som viste fram glisene sine langs togruta. (Foto: privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 18. mai 2024 10:10

På ettermiddag og kveld 17. mai fekk vi sjå korleis det går når folk frå Hatvik kjøper seg ein festbåt.

Båten blir i dag selt vidare til nytt reiarlag frå aust om elvo, nokre kameratar frå Hegglandsdalen, som vil driva skuta vidare i same ånd (men med tettare festivalprogram).

Men det var ikkje berre i hamna at folk frå aust om Oselvo sette sitt preg på markeringa av grunnlovsdagen.

Mens russen og Os Amcar Club skapte stemning i toget, sto to nyvaska traktorar med full flaggføring på Haugsneset.

Vi lykkast ikkje å få tak i dei to i går, men familiemedlem deler bilde og informasjon.

Bildeserie:

Joan og Ariel (t.v.) og Arne Martin klar for korteste til Haugsneset. (Foto: privat)
Joan og Ariel (t.v.) og Arne Martin klar for korteste til Haugsneset. (Foto: privat)
1 av 3

– Det er to barndomskameratar som starta traktorkarriera i sandkassen. No er dei 17 år gamle, og nøgde traktorsjåførar.

Joan Heggland tok med seg kjærasten Ariel i traktoren og køyrde kortesje med kameraten Arne Martin Mjånes til oppstilling før toget skulle gå rundt Irisgården.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.