Garasjekunst hamna på – garasjen
Då Veronika ville overraska sambuaren visste ho kven ho skulle ringa til. I dag er cowboygarasjen eit blikkfang i Hegglandsdalsvegen.
Veronika Wilhelmsen var lei av den slitne garasjeporten, men i staden for å skifta døra bestemte ho seg for å få den dekorert.
– Eg fekk det gjort mens han var i Nordsjøen, fortel Veronika om sambuaren Knut Martin Mjånes.
Då han kom heim fann han seg sjølv og paret sin yngste son, Arne Martin, i ville vesten-stil på garasjen.
Ranchen ved ungdomshuset
– Eigedomen vår ligg landleg til, med litt ranchstil frå før, så dette passa bra inn. Arne Martin heldt på å koka over av iver til å røpa det då vi henta pappa på flyplassen, men han heldt seg heilt til vi kom til ungdomshuset.
– Knut Martin blei glad for overraskinga, og i dag ser det ut som om det er fleire som set pris på den noko spesielle garasjeporten. Det er ikkje sjeldan at vi ser bilar stoppa ved ungdomshuset, der dei har god utsikt mot ville vesten.
Bestilte hos venninna
Veronika har tidlegare vore på kurs hos Marete Lund Bakke. Marete har dei siste seks åra drive Marete's GarageART med lakkeringsverkstad i ARKA i Industrivegen.
– Eg er ikkje akkurat utlærd, så eg måtte ha læremeisteren på besøk, seier Wilhelmsen og ler.
Dei to har blitt gode venninner og Marete rydda plass på kalenderen til nokre turar til Hegglandsdalen.
Ikkje berre lastebilar
Marete fortel at ho har vore glad i å teikna så lenge ho kan hugsa. Ho er utdanna barne- og ungdomsarbeidar og jobba som assistent ved Lysekloster skule før ho for seks år sidan byrja med sprøytelakkering på fulltid.
– Anlegg- og transportbransjen har vore mine viktigaste kundar til no, og det har blitt mykje reising, spesielt til Austlandet, fortel Marete.
– Men no i det siste har det gått meir over til personbilar. Amcar-miljøet har fått augene opp for dekorering av panser, og det er kjekt, no blir det meir jobbing heime på Vestlandet.
Marete er opprinneleg frå Hardanger, men stifta familie med Ole Bakke og bur i Lysefjorden.
Postkassar og hestevogner
– Er dette den første garasjeporten du har lakkert?
– Nei, eg har tatt ein port innover mot Samnanger og så fekk eg eit flott oppdrag på ein port ved VilVite-senteret.
I periodar mellom dei store oppdraga sit Marete med mindre lakkeringsprosjekt i ei arbeidsstove heime.
– Då går det blant anna i postkassar, men eg tar òg portrett, det er det kjekkaste eg veit.
Tidlegare i år sprøyta ho Lucky Luke-motiv over ei heil hestevogn frå stallen i Lysefjorden.
– Eg liker nye utfordringar, og dess størrre og vanskelegare dess betre. Eg har hatt dialog med ein som eig ein heilt spesiell motorsykkel. Eg er veldig spent på om det blir noko av den jobben, men uansett er programmet rimeleg tett framover, seier Marete, som også held 4-5 kurs i løpet av året.
– Du er ikkje redd for å utdanna nye konkurrentar?
– Nei, det er eg ikkje. Dette er ein krevjande bransje å laga fulltidsjobb i og dei fleste som går på kurs hos meg kjem fordi dei har eit prosjekt heime dei har lyst å ta sjølv. Sånne ting er berre kjekt, seier Marete Lund Bakke.
Les òg: Ordna ny russebuss på éi natt