Åtvarar mot islagt sjøvatn
– Det handlar ikkje berre om kor tjukk isen er, det er fleire faktorar som speler inn når det kjem til is på sjøen, seier varabrannsjef Arne Monsen.
Både Vargavågen og Lysefjorden er frose igjen.
Les òg: – Dette skjer berre kvart 20. år
Isen inst i Lysefjorden skal vera minst 10 cm tjukk, ikkje så langt frå dei 15 cm som skal til for at isen blir rekna som trygg.
– Men på sjøen er det fleire omsyn å ta, seier varabrannsjef Arne Monsen, og ramser opp:
• Is på sjø er ikkje skikkeleg landfast
• Tidevatnet kan få isen til å sprekka i store flak
• Straum av varmare sjøvatn kan få isen til å smelta frå undersida
• Sterk vind kan flytta på flaka, ramlar du uti kan du hamna i klem
– Vi har ikkje målt isen på sjøen nokre plassar, men vil berre presisera at det er høgare risiko å gå på islagt sjøvatn enn på ferskvatn. Islagt sjøvatn krev mykje lokalkunnskap og omsyn til blant anna flo og fjøre.
– Det er uansett tryggare å ta båten, om du vil ut og fiska, seier Monsen.
Les meir om trygg is på naturtips.no