Lokal | 11. feb. 2013

– Dette skjer berre kvart 20. år

Fredag sto dei tilsette ved Museet Lysøen fast i isen. No har brannvesenet lagd ny utrykningsplan til øya og Ole Bulls villa.

– Dette skjer berre kvart 20. år
Sånn ser det ut i Lysefjorden i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 11. feb. 2013 14:24

Torsdag fraus Lysefjorden igjen, fredag morgon sto dei tilsette fast i isen med den 26 fot store Halco-en dei bruker til å ta seg til og frå øya med.

– Vi kom 40-50 meter frå land før det var stopp. Båten byrja å ta seg opp på isen, så då var det berre til å bakka til land igjen.

– Vi brukte sikkert ein time på å gjera retrett, seier museumsdirektør Berit Høgheim.

Ho fortel at det er sjeldan at fjorden frys igjen med så tjukk is som no.

– Isen er minst 10 cm tjukk, dette skjer kanskje så sjeldan som kvart 20. år.

– Det er lågsesong på museet no, kva aktivitet er det på øya for tida?

– Det er trefelling til grindbygget vi skal reisa og generelt vedlikehald inne og ute.

– Vi har fleire mann i sving, og kom oss i dag til øya med god hjelp frå Drange Båtservice, som tok oss ut frå Drange-sida i ein aluminiumsbåt.

Særskilt brannobjekt

Museet Lysøen og Ole Bulls villa er naturlegvis klassifisert som eit "særskilt brannobjekt" av Os brann- og redningsteneste.

– Husa ligg på ei øy og museet har høg historisk verdi. Men samtidig er det godt sikra med springelanlegg, seier brannsjef Stein Gjøsund.

Ved ein eventuell brann på øya har brannvesenet oppmøteplass på Buena kai og avtale med bruk av båten som pendlar til og frå øya. Alternativet er rekvirering av private båtar i nærområdet. Parallelt vil brannvesenet rykka ut med eigen båt frå Halhjem.

Gjøsund blei varsla av Høgheim, som fortalte om isen. Høgheim er glad for den umiddelbare responsen frå brannvesenet.

– Dei reagerte umiddelbart og har førebudd seg på tilkomst til øya under desse vanskelege forholda.

Vil bruka helikopter og ambulansebåt

Når Lysfjorden no har frose igjen har brannsjefen ordna alternative måtar å koma seg til øya.

– Vi har førebudd LOS-helikopteret, som brannvesenet i Bergen brukar, og 360-skvadronen. Vi har også fortalt Helse Bergen, som blant anna eig ambulansebåten som er stasjonert på Austevoll, om situasjonen, seier Gjøsund.

Om det skulle byrja å brenna på museet er brannvesenet klare for oppmøte på Buena for helikoptertransport av utstyr og personell. Samtidig kan ambulansebåten, om den er ledig, ta folk med frå Askvik eller Strøno til Lysøen frå vestsida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.