Sport | 27. aug. 2013

Arrangerer ekstra skule

Os Turn si handballskule i haustferien blei fullteikna på 17 timar. No inviterar klubben, saman med MX Sport Os til ekstra handballskule dei to siste dagane i ferien.

Arrangerer ekstra skule
Dagleg leiar Leif Idar Røen gler seg over å kunne tilby 75 plassar på MX Sport Handballskule i haustferien (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 27. aug. 2013 11:47

Som Midtsiden skreiv om tysdag morgon blei den populære handballskulen til Os Turn fullteikna på under eitt døgn.

– Det var frykteleg trist å ikkje kunne få til ei skule for alle dei som vi veit er interessert.

– Eg tok difor kontakt med Jan Frode Skeie på MX Sport for å høyra om vi saman kunne gjera noko.

– Han tente på ideen med ein gong og eg har gleda av å annonsera at vi torsdag og fredag i haustferien skipar til MX Sport Handballskule i Oshallen, smilar dagleg leiar i Os Turn Håndball, Leif Idar Røen.

Følger sukessoppskrifta

MX Sport stiller med utstyrspakke til deltakarane. Os Turn med instruktørar, varm lunsj og det øvrige opplegget.

– VI følgjer sukessoppskrifta frå tidlegare år med to økter for dagen, varm lunsj i pausa og eit yrande liv i hallen.

– Desse to dagane har vi satt eit tak på maks 75 deltakarar. Saman med Gjensidigestiftelsen si handballskule som vi arrangerar måndag til onsdag i haustferien skal vi då klara å gje eit tilbod til 125 ungar i alderen 6 til 13 år, strålar Røen.

– Påmeldinga blir via MX Sport si heimeside, mxnett.no, vi må berre få lasta den opp først, avsluttar den daglege leiaren som ber interesserte følgje med på klubben si heimeside for når påmeldinga blir opna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.