- Angrar ikkje
Måndag blei Charlotte Pucci Olsen sendt heim frå Sønner av Norge på TV 2. - Turner er ein fantastisk gut, snill og grei, men det sa ikkje klikk, fortel Charlotte.
Charlotte Pucci Olsen (22) meldte seg litt tilfeldig på Sønner av Norge på TV 2 og blei plukka ut som ei av fire jenter som Turner Jacobs (22) ville ha med seg heim til USA for å bli betre kjend med.
Måndag blei ho sendt heim frå USA då Turner skulle velgje kven han ville ha verande.
- Magefølelsen min sa ganske tidleg at det ikkje ville bli noko romantikk mellom oss.
- Då eg hadde aleinetid saman med han den andre dagen, fekk eg langt på veg stadfesta den følelsen, men vi blei kjempegode kompisar, fortel Charlotte.
- Det hadde vore mykje kjipare å ha blitt sendt hjem om eg hadde hatt følelsar for han.
Charlotte fortel at om ho reisar til USA igjen vil ho gjerne møta Turner igjen.
- Vi hadde det veldig kjekt saman, smiler Charlotte.
Surfing og Mystery spot
Sjølv om det ikkje blei det lange opphaldet på Charlotte i Santa Cruz rakk ho å oppleve ein god del.
- Det var jo travle dagar med innspeling frå tidleg morgon til seine ettermiddagen.
- Først dagen fekk vi sjå kor vi skulle bu, før Turner tok oss med ut og surfa.
- Det var ein oppleving og utruleg gøy, fortel Charlotte som aldri hadde freista surfing før.
Etter surfinga blei dei fire jentene servert ekte amerikansk lunsj med milkshake og hamburgarar før turen dagen etter gjekk til ein plass kalla Mystery Spot.
- Det var ein utruleg kul plass, kor du må ha eit rimeleg ope sinn.
- Det var ein masse overnaturlege greier der og nokre magnetfelt som gjorde at gjenstandar oppførte seg heilt merkeleg.
- Eg kan absolutt anbefala ein tur dit om du skal ta deg ein tur til Santa Cruz, seier Charlotte.
Ein smak av kjendislivet
Charlotte fortel om litt spesielle opplevingar under innspelingane.
- Då vi blei filma på boardwalken i Santa Cruz var det ein haug med amerikanerar som drog opp kamera og mobil for å ta bilete av oss.
- Det mest spesielle var når eg skulle på toalettet etterpå og det sto folk utanfor og venta for å høre kven vi var og kvifor vi filma der, ler Charlotte som fekk ein liten smak av korleis kjendislivet kan arta seg.
- Vi heier på deg
Litt spesielt har det òg vore å oppleva reaksjonane frå osingane etter at serien byrja og Midtsiden skreiv om ho i januar.
- Dei næraste venene og familien visste jo at eg reiste bort, men det er mange som har lurt på kvifor eg ikkje har sagt noko før dei leste om det.
- Sjølv har jeg jo gått ut av den bobla ei slik innspeling er og tilbake til mitt eige liv. Difor er det litt artig når folk som eg ikkje har snakka med sidan barneskulen kjem bort til meg når eg er ute på Os og seier at dei følgjer med og at dei heiar på meg, smilar Charlotte.
Snakkar med dei andre
Charlotte fortel at ho og dei andre jentene fekk eit godt forhold både til kvarandre og til Turner.
- Vi har helde kontakten heile vegen og snakkar samen mest etter kvar sending.
- Så du veit kva som skjer framover du då?
- Litt har eg jo fått høyra, men det kan eg ikkje fortelje deg, ler Charlotte før ho legg til at ho gler seg til å sjå resten av episodane.
- Det blir litt som å vera floge på veggen til ting eg har fått fortalt. I neste episode skal dei møte foreldra til Turner, det skal bli artig å sjå korleis går.
Blei eit par dagar ekstra
I verkelegheiten blei Charlotte stemt ut ein laurdag, men fekk ikkje fly heim til Noreg før måndagen.
- Dermed fekk eg eit par dagar der borte kor eg fekk oppleve litt utan at kameraa følgde meg heile vegen.
- Det blei litt shopping og middagar saman med ein deltakaransvarleg frå TV2.
- Eg må igjen få lov til å skryte av dei du ikkje ser på TV, dei gjorde ein utruleg god jobb for at vi som var med skulle føle oss vel, avsluttar Charlotte Pucci Olsen.