Lokal | 23. jan. 2013

Ein av fire til USA

Charlotte Pucci Olsen til USA som "friar" i TV2-serien "Sønner av Norge". - Eg hadde ikkje trudd eg skulle bli ein av dei utvalde.

Ein av fire til USA
Charlotte Pucci Olsen (lengst til venstre) saman med Turner Jacobs og dei tre andre jentene som Turner ville ha med seg til USA (pressefoto: TV2)
Andris Hamreonsdag 23. jan. 2013 15:29

Måndag gjekk program nummer to i serien "Sønner av Norge" på lufta på TV2. Programkonseptet, kor fire amerikanarar på jakt etter norsk kjæreste kjem til Noreg kor dei møter utvalde friarar og tek med seg fire av dei heim til USA for å bli bedre kjend er inne i sin andre sesong på TV-kanalen.

Sist måndag såg vi at dei fire møtte sju utvalde friarar på Gaustablikk for å bli betre kjend før dei bestemte seg for kven dei ville ha med seg heim til USA.

- Kvifor ikkje senda eit brev?

Frå bunken av friarbrev hadde 22-årige Turner Jacobs frå Santa Cruz i California plukka ut den jamngamle Os-jenta Charlotte Pucci Olsen som ei av dei han hadde lyst til å møta.

- Eg såg ikkje presentasjonen av dei fire amerikanerane då det gjekk på TV.

- Ein kveld eg sat heime hjå ei venninne surfa vi innom sida på TV2 og blei sittande å sjå på presentasjonen av amerikanerane.

- Eg har jo aldri tenkt på å melda meg på noko slik, men fekk plutseleg for meg at eg skulle senda inn eit brev.

- Turner verka som ein artig og koseleg gut i presentasjonen, så kvifor ikkje, tenkte eg, fortel Charlotte smilande.

Once in a lifetime

Tida gjekk og Charlotte tenkte ikkje meir på brevet før ho plutseleg ein dag fekk telefon frå redaksjonen i TV2.

- Dei fortalde at Turner ville møta meg og lurte på om eg kunne komma til Rjukan.

- Eg hadde aldri sett programmet, så det blei litt fram og tilbake, men eg tenkte at dette var ein "Once in a lifetime"-oppleving.

Rett frå jobb pakka Charlotte baggen på ein halvtime før ho satte seg på flyet austover.

Kom godt overens

På Gaustablikk blei dei sju jentene som Turner hadde plukka ut installert på ei hytte før TV-opptaka tok til.

- Vi sju kom godt overeins og fann nok tryggleik i kvarandre. Det var jo ingen av oss som eigentleg visste kva vi gjekk til.

- Det at vi var saman gjorde litt lettare. Eigentleg syntes vi synd på Turner som skulle møte sju jenter på ein gong, ler Charlotte.

Artig, men merkelig

Det å skulle sjekke opp ein gut framfor kamera blei ein artig, men merkelig oppleving for osjenta.

- Eg trudde jo det skulle gå greit sidan eg har sunge i kor og vore med på oppsettingar i Fjellheim frå eg var lita, men det var mykje skumlare enn eg hadde trudd.

- Den første timen var eg utruleg fokusert på at kameraet var der, men cruet til TV2 var utruleg flinke til å få oss til å gjera det komfortabelt for oss, skryt den ferske TV-stjerna.

Regna ikkje med å bli valgt

Charlotte fortel at ho trøysta seg med at det nok snart var over, for ho rekna ikkje med at ho skulle bli ein av dei fire Turner ville ha med seg heim til USA.

- Eg blei litt paff då han spurte om eg ville vera med, men sjølvsagt sa eg ja.

- Korleis er Turner då?

- Han er ein veldig søt og grei gut som var lett å snakke med og som var utruleg flink til å gjera at eg følte meg komfortabel saman med han.

- Serien er vel ferdig innspelt, korleis går det i USA?

- Det har eg ikkje lov til å fortelje, så skal du veta det må du nesten sjå på serien på måndager klokka 20, ler Charlotte Pucci Olsen.

Difor valde Turner Charlotte

Til TV2 si heimeside fortel Turner Jacobs kvifor han ville ha med seg Charlotte til USA.

- Charlotte har ein morosam personlegheit og ein fantastisk sans for humor.

- Eg føler meg komfortabel når eg snakkar med ho. Ho er ein genuint hyggeleg og fin person som eg absolutt vil bli betre kjent med.

Kommande måndag får TV-sjåarane vita korleis det første døgnet i USA var for Charlotte og dei andre frierane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.