Andrelaget vann KM
Os junior sitt andrelag, som i haust rykte opp til 2. divisjon, slo Øystese i KM-finalen på Kuventræ søndag.
Medan førstelaget mista opprykket til 1. divisjon på målforskjell rykte andrelaget til Os G19 i haust opp til 2. divisjon.
Som avdelingsvinnar blei det kamp om KM-tittelen i 3. divisjon, og Os slo Baune 5-2 i første av to kampar.
I går tok dei imot Øystese til finale på Kuventræ.
– Jamn kamp
Finalen blei, ifølgje trenar Gunnar Aadnevik, jamn frå start til slutt.
– Eg synest vi hadde overtaket i første omgang, men kort tid før pause hamna vi under 0-1.
Os snudde kampen i 2. omgang, men Øystese følgte på med utlikning og redusering.
Tre av Thuen
Os gjekk opp i 2-1 før gjestane utlikna. Så blei det 3-2 og 5-2 før kampen enda 5-3.
Egil Thuen sette inn tre av måla, Christoffer Østgulen Hevrøy og Lars Erik Lunde skåra dei to andre.
– Dette blei ei fin avslutning på ein god sesong for gutane. No har vi berre Lagunen Cup igjen før jul, seier Aadnevik.
Begge juniorlaga til Os har spelt første kamp i Lagunen Cup, og begge laga vann.