3 mål frå 1. divisjon
Juniorlaget til Os har skåra 56 (!) mål på 9 kampar, men 6-3 over Åsane i dagens serieavslutning var ikkje godt nok til opprykk.
Os starta sesongen med to 3. divisjonslag. Til sommaren rykte det eine opp til 2. divisjon, i haust slo det andre laget følgje.
Men laget som rykte opp til sommaren hadde ambisjon om nok eit opprykk i haust, å få Os junior tilbake på øvste nivå etter at Os i fjor trekte elitelaget sitt for å ha kapasitet på Os 2.
Os og Bremnes hadde eitt tap og sju sigrar bak seg før dagens avgjerande sisterunde, som blei avgjort på målforskjell.
Os - Åsane 6-3
Målskårarar, Os: Isak Røen 2, Adrian Kallekleiv Valle 2 og Øystein Takle Eide 2
Os slo Åsane 6-3 på heimebane, men Bremnes slo Sandviken/Varegg 1-9 på bortebane og enda med 3 betre i målforskjell enn Os.
– Tapet for Vadmyra, der vi låg under 5-0 til pause og tapte 5-2, øydela for oss, seier trenar Vidar Bahus.
– I dag såg eg at gutane var trøytte, det har vore mange kampar på dei i det siste.
Os har skåra mest i avdelinga, men sleppt inn nokre fleire enn Bremnes.
I dag sto det 1-0 før gjestane utlikna og gjekk opp i 1-2. Os tok leiinga igjen, men 3-2 blei til 3-3 før Os drog ifrå og vann 6-3.