Politi | 14. nov. 2023

Amper gjest hadde forsynt seg sjølv med brennevin

Skapte vanskar etter stengetid.

Amper gjest hadde forsynt seg sjølv med brennevin
Politi på patrulje i Os sentrum i førre veke. Det er ikkje uttalt kva serveringsstad som hadde problem i går. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 14. nov. 2023 08:19

Måndag i 23-tida fekk politiet melding frå ein serveringsstad i Os sentrum.

– Dei hadde vanskar med ein gjest, som var både amper og høglytt, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Det viste seg at gjesten hadde kome seg inn etter stengetid og forsynt seg med både øl og brennevin.

– Vedkomande, ein mann i slutten av 30-åra, blei vist vekk frå staden.

Dette var ikkje siste oppdrag for natta, sjølv om det var natt til tysdag.

– I 05.30-tida fekk vi melding om bråk på ei adresse i Os sentrum. Det viste seg å vera ein krangel mellom tre personar i alderen 17 til 19 år.

Dei var påverka av alkohol. Politiet mistenker at dei òg var påverka av andre rusmidlar.

– Alle blei overtatt av helsevesenet. Det er oppretta sak for vald mellom partane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.