Politi | 13. nov. 2023

– Det må ha vore ein skikkeleg smell

Autovern på Skeisflaten har fått seg ein trøkk.

– Det må ha vore ein skikkeleg smell
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 13. nov. 2023 12:43

Fredag i 14-tida og 21-tida fekk Midtsiden-redaksjonen tips om spor etter utforkøyring på fylkesveg 5152 Skeisflaten.

Nedanfor Hagavik Hjemmebakeri, nær det som tidlegare var snuplass for buss, står autovermet i ein god boge inn mot fortauet.

Fleire av stlpane er knekte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire av stlpane er knekte. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Det må ha vore ein skikkeleg smell, meiner ein av dei, og lurer på kvifor utforkøyringa ikkje har vore omtalt i lokalavisene.

Politioverbetjent Atle Birkeland har måndag morgon fått det same spørsmålet, og bilde frå staden.

– Dette har vi ingenting på, seier Birkeland.

Dei veit dermed heller ikkje om nokon skadde seg i uhellet, eller kor tid det skjedde.

Skeisflaten er fylkeskommunal, og opp til fylket å halda ved like etter uhellet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.