Amfisenteret evakuert
Politi, brann og ambulanse rykte ut til Amfi Os etter melding om kraftig røykutvikling i 16.30-tida. Så slo ransalarmen ut.
Det verka dramatisk på Amfi Os i 16.30-tida måndag ettermiddag, då heile førsteetasjen på senteret blei røyklagt. Senteret blei evakuert og brann, politi og ambulanse rykte ut til senteret.
– Vi fekk først melding om brann.
– Deretter kom det ransalarm frå gullsmeden på senteret, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.
Verken brann eller ran
Då politiet og brannvesenet fekk undersøkt nærare viste det seg å vera verken brann eller ran.
– Ransalarmen hos Gullsmed Eide har av uviss årsak blitt utløyst. Tryggingssystemet har røyklagt heile førsteetasjen på senteret.
Gullsmed Eide, som i juni flytta inn i nytt lokale i senteret, har eit røyksystem som del av tryggleiksopplegget i butikken. Røyken er ufarleg, men hindrar eventuelle tjuvar å sjå kva som er rundt dei.
Du kan sjå tilsvarande system i drift i denne videoen på YouTube.
– Vi kan stadfeste at det ikkje har vore ran, men må undersøka nærare kvifor systema slo inn.
– No held brannvesenet på med å lufta ut ved hjelp av vifter, så vil senteret opne igjen så snart det er mogleg reknar eg med.