Næringsliv | 26. okt. 2011

AMFI - timar før opning

Coop og Kitch'n er klare for opning. Sånn ser det ut på AMFI Os i innspurten:

AMFI - timar før opning
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. okt. 2011 14:50

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 9

I kveld klokka 18 opnar Coop Extra for medlemmar, torsdag klokka 10 er snorklippinga, offisiell opning, opning av den nye butikken Kitch'n og opningsfest i resten av senteret.

AMFI Os har fått ny fasade, tilbygg på rundt 2500 kvadratmeter, parkering på taket og parkering i kjellar under tilbygget.

– Vi var så å seia i mål då vi gjekk heim i natt. Då var faktisk butikken strøken, men som du ser drar arbeidarane inn litt rot når dei no tar siste finish, seier butikksjef Kenneth Lyssand.

Les òg: Lyssand og Skogedal er Extra klare

Baker Brun opna igjen

Baker Brun, som framleis ligg rett innanfor hovudinngangen, har halde stengt i cirka 8 veker grunna byggearbeidet, men opna igjen i går.

– Vi mista litt av eine enden på disken, elles er det meste som før. Ny brødhylle er på plass og is er byta ut med smøredisk til baguettar, ein saladett som er flytta fram til disken frå kjøkkenet, fortel Evy Ingebrigtsen.

Kitch'n i 2. etasje

I lokalet Wistex tidlegare heldt til i har no Kitch'n kome på plass.

– Vi håper salsvarene forsvinn fort så butikken blir endå meir oversikteleg, seier butikksjef Kari Nordnes, ved ein stabel av pallevarer rett innanfor inngangen.

Med seg i butikken har ho fem tilsette og dei opnar torsdag etter snorklippinga hos Coop.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.