Alle dødsulykkene i år har eitt fellestrekk
Lågare båttrafikk, fleire dødsfall i båtulykker enn i fjor.
Til no i år er det registrert 14 døde i samband med bruk av fritidsbåt i Noreg.
Trass lågare båttrafikk er dette eitt tilfelle meir enn på same tid i fjor.
– I samtlege dødsulykker knytt til bruk av fritidsbåt i år, er det ikkje brukt redningsvest, seier Karoline Evensen, matros i Redningsselskapet, til TV 2.
Oppmodinga er klar: ta vesten på også om den planlagde båtturen er kort.
Ifølgje politibetjent Morten Haugland, som jobbar på politibåten Kjølen, er folk i Os-skjergarden stort sett flinke til å bruka redningsvest. Spesielt dei yngste.
Evensen hos Redningsselskapet legg til at det, i mange av dei 14 ulykkene, var i samband med båt som låg i hamn.
I alt er det registrert 41 drukningstilfelle til no i år. Av 8 tilfelle per 16. juli er 5 av dei over 60 år og alle over 26 år.
Visste du at dei som druknar ikkje roper eller vinkar, som på film? Det skjer i det stille.
Redningsselskapet har laga ein film som viser korleis du kan sjå at nokon har problem, og hjelpa til.
- Sjå filmen på rs.no