67.000 i forelegg på 4 kontrollar
Dei siste elleve dagane har politiet hatt fire kontrollar ved stoppskiltet i Lepsøykrysset.
Måndag morgon i 08.30-tida hadde politiet kontroll i krysset mellom E39 Halhjemsvegen og fv 5150 Lepsøyvegen.
– To bilistar fekk forelegg for brot på stopp-påbod, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.
Det gir 7.450 kroner i forelegg og 3 prikkar på førarkortet.
Frå 22. september til i går har det blitt tatt til saman 9 syndarar i 4 kontrollar i same kryss.
I alt tilsvarer dette 67.050 kroner i forelegg og 27 prikkar på dei ulike førarkorta. Med mindre nokre av syndarane var i prøvetida, og fekk seks prikkar kvar.
Lepsøykrysset er ulykkesutsett.
Politiet varsla også i 2020 at dei ville trappa opp kontrollfrekvensen i dette krysset.