28 tatt i trafikkontrollar
28 bilistar fekk forenkla forelegg då UP og lensmannskontoret hadde trafikkontrollar tysdag kveld.
Frå klokka 1830 til 2030 tysdag ettermiddag stilte UP seg igjen opp igjen på Lepsøyvegen for å kontrollera bilistane i 50-sona. Søndag kveld tok dei 12, korav ein mista lappen.
– Tysdag kontrollerte dei trafikken i begge retninger. Det endte med at dei skreiv ut 25 forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
2 av forelegga var for feil bruk av lys, 23 av dei for fart.
– Det var ingen av dei som hadde så høg fart at dei mista førarkortet, men farten ligg jamnt over for høgt på Lepsøyvegen. Det er all grunn til å oppmoda folk om å senka farten. Ikkje minst no når det er mørkt og regn.
Tre mangla førarkort
Litt seinare på kvelden, frå 21 til 22 sto patrulja frå lensmannskontoret i Hatvikvegen.
– Fokus for den kontrollen var teknisk stand på køyretøy og dokumentkontroll.
– Av dei 35 bilane og bilistane som blei kontrollerte fekk tre forenkla forelegg på 750 kroner for ikkje å ha med seg førarkortet, avsluttar Hadler-Olsen.