Lokal | 16. nov. 2015

Mista lappen på Lepsøyvegen

12 blei tatt då UP hadde kontroll mellom Thuen og Solbakken søndag kveld.

Mista lappen på Lepsøyvegen
Éin mista lappen, ein annan køyrde utan lappen, då UP hadde kontroll på Lepsøyvegen søndag ettermiddag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 16. nov. 2015 09:15

Søndag frå klokka 17.30 til 20 hadde utrykningspolitiet fartskontroll på Lepsøyvegen ved Os Lakk og Karosseri.

Det blei skrive ut 10 forenkla forelegg i 50-sona.

– I tillegg blei to meldt, den eine for køyring utan førarkort, den andre mista førarkortet etter å ha blitt målt til 77 km/t, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Stoppa med lågpromille

Søndag formiddag hadde Os-politiet trafikkontroll på Byvegen.

Ein av dei som blei stoppa hadde promille, men under 0,2. Då promillen etter ei stund var endå lågare, fekk vedkomande køyra vidare.

To påkøyrde kattar

To kattar er påkøyrd og drept siste døgn.

Éin blei påkøyrd i Lekvenmarka søndag i 15-tida, ein annan på Halhjemsvegen måndag morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.