Politi | 07. nov. 2024

18 bilistar tatt i fartskontroll

Skreiv ut mange førelegg på Halhjemsvegen onsdag.

18 bilistar tatt i fartskontroll
Politiet hadde fartskontroll på E39 i går. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. nov. 2024 10:38

Onsdag i 12.30-tida hadde politiet fartskontroll på E39 Halhjemsvegen.

– Det resulterte i 18 forenkla førelegg, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Høgaste målte fart var 86 km/t i 70-sona.

Det resulterer i 7050 kroner å betala og to prikkar på førarkortet.

Om vedkomande hadde køyrd 1 km/t saktare ville det blitt null prikkar og førelegg på 5050 kroner.

I tillegg blei det utført promillekontroll på 45 trafikantar. Ingen gav utslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.