140 deltakarar i barneløpet
Spreke born frå 3 til 12 år trassa regnet og sprang 520 meter rundt sentrumskjerna.
Laurdag klokka 12 starta første løp i Osløpet.
• Løyper og informasjon: Sånn blir Osløpet
Arrangementet blei ein stor suksess, det strøymde på med deltakarar heilt fram til start, trass mykje regn og vind i periodar.
– Vi hadde 140 deltakarar på barneløpet, så vi delte dei inn i to startar. Deltakarane var frå 3 til 12 år gamle, fortel William Lindborg frå Os Sentrumsforening.
Os Turn friidrett hadde håpa på totalt 100 deltakarar og er svært nøgd med at totalt 266 stilte opp.
I tillegg til barneløpet sto 60 deltakarar fordelt på 12 lag, unge og vaksne, klare til stafett (5 x 300 meter).
66 deltakarar stilte til start på hovudløpet, 6,5 km.
Osbadet vann stafetten, Geir S. Skaten (24,24) vann hovudløpet. Raskaste kvinne på 6,5 km blei Solveig S. Tveiten.
Midtsiden kjem med fleire bilde og resultat frå stafetten og hovudløpet i eigen sak.