Osbadet vann stafetten i Osløpet
Osløpet samlar 260 løparar. Sprint-stafetten samla 12 lag.
Osløpet er i gang og det har kome tett med påmeldingar siste dag før start.
– Dette er langt over det vi hadde håpa på, seier Svein Hausberg frå Os Turn friidrett.
Friidretten arrangerer Osløpet saman med Os Sentrumsforening. Trass dårleg vêr i 12-tida kom det 140 ungar frå 3 til 12 år for å delta på barneløpet.
Så kom 12 lag, kvart med fem løparar, og deltok i stafett,5 x 300 meter.
Raskaste lag blei Osbadet, som kom i mål på 3,45.
Vinnarlaget, etter etappe; Markus Pettersen, Olav Endre Monstad, Tommy Lloyd, Jon Sivert Rykkel og Espen Valvik.
Her er plasseringane til alle laga:
1. Osbadet 3:45
2. Løp for livet 3:58
3. Os Turn friidrett 4:11
4. Opptur Motbakkeklubb
5. ABO
6. Sprek og Blid 1
7. Sprek og Blid 2
8. Os Turn 1
9. Os Turn 2
10. Politikarar i posisjon
11. Politikarar i opposisjon
12. Jada
Politikarane i opposisjon var spreke og raske med å melda seg på. Frp og Høyre klarte å stilla lag, og på sisteetappen kom ordførar Marie Lunde Bruarøy smilande eit stykke framfor Nils-Anders Nøttseter. Ho løfta armane i vêret litt tidleg, og var nær på å bli slått på målstreken av ein like smilande utfordrar.
Det yngste laget, som til saman er yngre enn eldste deltakar, var tiåringane frå Jada.
– Fotballtrenaren vår spurde via Facebook om nokon ville delta. Vi sa ja då foreldra våre spurde, fortel dei spreke 5. klassingane.
Neste år utfordrer dei kanskje foreldra sine til stafett.