Sport | 12. mai 2011

Ut mot fjorden

Turtips 3: Dei fleste turvegane i Os er gjerne kjente for osingar flest, men ei og anna «ukjent» perle finst framleis.

Ut mot fjorden
Andris Hamretorsdag 12. mai 2011 05:53

Inspirert av 8. klassingane på OPPTUR har vi fått turlagsleiar Linda Ann Lohne til å gje oss nokre av sine favorittar i bygda. Denne veka vil midtsiden.no koma med fem forskjellige turar bygda har å by på.

Turtips 1: Svinningen - Midtsæterfjellet.
Turtips 2: Bjånes - Moldaneset - Smievågen

Ein flott tur som kanskje ikkje så mange kjenner er ut til Kobbavågen på Røttingen. Mange har gjerne besøkt Kobbavågen med båt, men den er òg godt tilgjengeleg frå land.

– Vi plar parkera ved Inka På Gjelevika og starta turen derfrå, forklarar Lohne.

På Røttingen kan du velja mellom to rundar. Frå Inka følgjer du stien sørover i Søramarkjo opp mot det høgaste punktet i løypa. Derfrå går turen vidare ned mot Fløholmen og inn til Kobbavågen.

Frå Kobbavågen kan du anten gå ei kortare løype via Elvedalen eller halda fram vidare utover og koma over Pilabruo og opp til snuplassen ytst på øya.

–Vel du den lengste løypa må du rettnok gå på vegen eit lite stykke på slutten, men det er det verdt.

Turen til Kobbavågen er godt eigna for barnefamiliar.

Kva er din turfavoritt?

Send oss ein e-post med din favoritt-tur i Osbygda. Gje oss ein beskrivelse av turen og kvifor nettopp denne turen er din favoritt. Om du har bilde frå turen som vi kan få bruka set vi stor pris på det.

Turserien vil vi avslutta med lesarane sine favorittar.

Ditt turtips sender du til andris@midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.