Samferdsle | 25. nov. 2023

Mange gebyr for dårlege dekk og manglande kjetting

Vegvesenet har avdekka mange feil til no i november.

Mange gebyr for dårlege dekk og manglande kjetting
Statens vegvesen på kontrollplassen i Ulvenvegen ved Svegatjørn. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. nov. 2023 14:03

Rapportane frå fem kontrollar Statens vegvesen har hatt ved Svegatjørn i november, viser at mange har vore dårleg førebudd på vinterføre.

16 av 19 gebyr var på dekk eller kjetting. Gebyret som ikkje handla om fotfeste, var det største.

Mangla bombrikke - må ut med 16.000 kroner

Verst var det i starten på månaden, onsdag 1. november blei det skrive ut gebyr til sju ulike førarar.

Ein minibuss fekk 2.250 kroner i gebyr for manglande kjetting, ein varebil fekk 2000 i gebyr for dårleg mønsterdjupne på tilhengar og slepvogn og vogntog med manglande kjetting fekk 3000 i gebyr.

I tillegg var det ein som same dag blei tatt med manglande bombrikke. Dette er andre gong, dermed blei det heile 16.000 kroner i gebyr.

Veke etter veke med gebyr

Ei veke seinare, onsdag 8. november, var det ny kontroll og denne gong blei det skrive ut fire gebyr.

Eit vogntog som mangla fire kjettingar fekk 6000 kroner i gebyr (1500 per kjetting), eit vogntog som hadde dårleg mønster på tre dekk fekk òg 6000 i gebyr (2000 per dekk).

Veka etter, 14. november, blei det eitt gebyr for manglande kjetting og to for dårlege dekk.

Same veke, 17. november, blei det fire gebyr for dårlege dekk på tre ulike køyretøy.

I går, fredag 24. november, blei det ingen gebyr for dekk eller kjetting, men eitt på 1000 kroner til førar og eitt på 2000 kroner til firma for brot på køyre- og kviletid.

Elles har det i november vore ei rekkje tekniskemanglar, åtvaringar og bruksforbod i løpet av kontrollane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.