Vêret i Os | 23. nov. 2023

Har du skifta til vinterdekk? No er det på høg tid.

No kjem snø og opphaldsvêr - og kraftige vindkast.

Har du skifta til vinterdekk? No er det på høg tid.
Ein vinterdag på Mobergsneset i 2020. (Foto: Ørjan Håland)
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 23. nov. 2023 15:05

Vêret så langt i dag har bydd så sol, vind, sludd, hagl og regn.

Frå klokka 18 er det meldt gult farevarsel for snø.

Frå torsdag kveld skal temperaturen ned, og det er venta snø- og haglbyger fram til fredag morgon.

Det kan vera store lokale forskjellar i mengde snø, men vi kan venta oss frå 5 til 15 centimeter.

Vindstyrken er meldt å ligga på 8 til 10 m/s torsdag kveld og natt til fredag, men Yr melder om vindkast opp i 22 m/s styrke fredag morgon.

Farevarselet gjeld delar av Vestlandet.

Det blir anbefala å sikra sårbare installasjonar og gjenstandar som ikkje toler den venta snømengda - eller vindkasta.

Vidare anbefaligar er å rekna noko ekstra tid for transport og køyring.

– Bruk riktige dekk og køyr etter forholda, opmmodar Meteorologisk insititutt.

Langtidsvarselet visar at temperaturane skal halda seg låg på -4 til 3 plussgrader.

Laurdag blir varmaste dag med 4 plussgrader, før det blir kaldare igjen søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.