Fekk revansje over Vidar
Lysekloster leia 2-0 etter 5 minutt, men fekk det hektisk i innspurten i dagens heimekamp mot Vidar.
Bildeserie:
Borte i vår blei det tap 4-1, i dag vann Lysekloster 4-2 over Vidar.
Gjestane låg to poeng framfor på tabellen før dagens oppgjer, dermed klatra Lysekloster forbi og overtok 4. plassen.
Samtidig blei Lørenskog, som låg på 7. plass, slått av tabelljumbo Sola
– Den beste omgangen vi har spelt
1-0 kom ved Zhubi i 3. speleminutt, 2-0 kom ved Jonassen i 5. minutt. Gjestane reduserte før Pritchard gav Lysekoster 3-1-leiing minuttet før pause.
– Det er nok den beste omgangen vi har spelt på heimebane. Eg er veldig nøgd med den moralen gutane visr, seier trenar Thomas Sandal.
Rørstad gav fansen ro
14 minutt ut i 2. omgang reduserte gjestane igjen.
– Eg føler vi hadde grei kontroll i andre omgang, men eit langskot i vinkelen frå 25 meter var vanskeleg å hindra.
Det siste kvarteret såg Lyskloster noko sluttkøyrd ut. Fleire spelarar var sletne og då dei ikkje klarte å halda på ballen oppe på banen blei det hektisk bak.
Men i 87. minutt fekk Rørstad ballen og, trass i at han var press av to Vidar-spelarar på returløp, kom han seg på skotavstand og fekk sett inn 4-2 via lengste stolpe.
Aarsund debuterte
Ein av Lysekloster sine to nyaste spelarar, Thomas Aarsund frå Brattvåg, fekk debuten sin i dag.
Aarsund kom innpå med nummer 10 på ryggen kort tid før 4-2-skåringa.
Lysekloster: Midtun - Sjømæling, Ljubovic, Ivkovic, Jonassen - Nysæther, Birkeland, Pritchard - Zhubi, Holmquist og Sæthre.
Innbytarar med speletid: Rørstad, Aarsund og Eidsvik
Neste kamp for Lysekloster går borte mot serieleiar Nest-Sotra laurdag om ei veke.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.